car.pool til Tysnesfest og Fjord & Folk

Bandet car.pool er Vestlandssatsinga 2020, og skal spele på 13 festivalar i sommar, deriblant på Tysnes og Os.


Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Ungdommeleg energi og speleglede. Modne ferdigheter, og rå teft for å smi fram über-catchy låtar. Og på toppen ligg Ida Sofie Laland sin ville powerpop-vokal. Guts og sjarm er skrudd til max. car.pool er ein herleg eksplosjon av 80-talls pop og moderne rock. Best servert live. For denne gjengen må ikkje berre høyrast, den må dansast med.

– Bandet car.pool plugga i utstyret, sparka i gang festen -og serverte ein gloheit konsert utan eit einaste keisamt sekund. Delegata frå dei mange festivalane på 100 Dagar var ikkje i tvil, car.pool er Vestlandssatsinga 2020.

Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 Dagar, er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gje eit karriereløft.

– Desse festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, turnering, planlegging og økonomistyring. Og bidreg med eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta car.pool godt imot, dei er garantert kome for å bli!

Tysnesfest er sjølvsagt med på Vestlandssatsinga 2020, det same er nystarta Fjord & Folk her i Os.

I tillegg spelar dei på Malakoff, Musikkfest Stavanger, UTKANT, Mablis, Festidalen, Bygdalarm, Skånevik Bluesfestival, OmStock, Fest i Vest – Sagvåg i vinden, Den festivalen i Vangen og Vikedal Roots Music Festival.

Tidlegare vinnarar er blant anna Kriminell Kunst, Silja Sol, Yuma Sun og I am K

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest:

Torsdag: Hjerteslag, Hellbillies, Vinskvetten

Fredag: Highasakite, CC Cowboys, Stavangerkameratene

Laurdag: TIX, Kapteinen og car.pool  

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s