Osvassdragets forvaltningslag fekk klima- og miljøpris

Det har vært et veldig godt fiske i Oselva så langt denne sesongen. Foto: Jan Petter Svendal

Klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune er i år todelt og går til Osvassdragets forvaltningslag og Mjåtveitelvas foreining.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Prisane vart delte ut av fylkesordførar Jon Askeland på fylkestinget i Rosendal 21. juni. Representantar frå Mjåtveitelvas foreining i Alver kommune deltok på utdelinga, medan representantar frå Osvassdragets forvaltningslag deltok med ei videohelsing. Kvar av prisvinnarane får 35 000 kr.

Les også: ÅRETS STØRSTE I OSELVA (tatt med hendene)

– Vi ønskjer å anerkjenne den viktige innsatsen og det langsiktige arbeidet for miljøutfordringa. Desse to organisasjonane viser eit engasjement for nærmiljøet sitt ved å ta vare på og drive skjøtsel i lokale vassdrag. Dette er særs viktig både for arbeidet med vassmiljøet og også for å nå internasjonale, nasjonale og regionale klima- og miljømål, sa Marthe Hammer som leiar innstillingsnemnda for klima- og miljøprisen då ho las opp grunngjevinga for tildelingane.

Les også: LAKSEN BOLTRER SEG I HAVNEN!

– Dei to vinnarane representerer det gode arbeidet og den lokale innsatsen i vassdrag i Vestland. Vi vil heidre lokal innsats, og i tillegg støtte og inspirere til lokalt engasjement i nærmiljøa andre stadar i fylket, sa Hammer.

Les også: ÅRETS FØRSTE TATT ETTER NOEN MINUTTER

Osvassdragets forvaltningslag
Osvassdragets forvaltningslag har bidrege i arbeidet med å sikre artsmangfaldet og bestandane av dei ulike artane i Osvassdraget. Det har dei gjort gjennom eigen innsats og gjennom samarbeid med grunneigarar, forvaltning, forskingsinstitusjonar og lokalbefolkning.

– Det er ei stor ære å få denne prisen. Vi har lagt ned eit utal timar på frivilligheit eller dugnad om du vil. Vi er svært glade i vassdraget vårt, og ein stor dugnadsgjeng legg ned mykje arbeid. Denne prisen er ei anerkjenning til kvar enkelt som bidreg. Vi fiskar ut oppdrettslaks kvar haust, vi har uttaksfiske av gjedde, vi ryddar i gytebekkar og legg ut gytegrus. Vi har jamlege teljingar av ungfisk, videoovervaking og merking av utgåande smolt. Og dette er berre noko av det vi gjer for vassdraget vårt, seier Roald Berge Helle, formann i Osvassdragets forvaltningslag til Vestland fylkeskommune.

Følg årets fiske i Oselva på ProHD.no.

Osvassdragets forvaltningslag har teke ein leiande posisjon i arbeidet med å forvalte vassdraget og tek initiativ til eigne forvaltningsprosjekt. Dei bidreg òg sterkt med kompetanse og arbeidsinnsats inn mot prosjekt i regi av lokale styresmakter. Artar som elvemusling, laks og sjøaure, i tillegg til ål er på raudlista og treng særskilt merksemd. Forvaltningslaget arbeider kontinuerleg slik at vassdirektivet sine delmål om god økologisk tilstand blir nådde.

Tala på fisk som går opp i elva for å gyte og talet på smolt som vandrar ut har auka i takt med arbeidet til forvaltningslaget. Det er dokumentert stigande tal på sjøaure gytande i dei nye opparbeida gytelokalitetane i elva. Forvaltningslaget arbeidar også for å ta ut oppdrettslaks og bos frå elva.