Fem personar er testa for koronavirus

Det er framleis ikkje påvist smitte av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden kommune.


Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Fem personar som bur i Bjørnafjorden kommune har så langt blitt testa for koronavirus og prøvene er sendte til Haukeland for analyse, melder Bjørnafjorden kommune.

Personane har blitt testa heime 3. og 4.  mars av prøvetakingsteamet frå kommunen. Ingen er alvorleg sjuke. Kommuneoverlege Klaus Melf melder at alt fungerer etter planen, og at han ventar svar på prøvene i løpet av 1-2 dagar.

– Alle dei fem er relaterte til reise i område med vedvarande spreiing av viruset, og er isolerte i heimen. Alle husstandsmedlemmar er sett i heimekarantene.Du finn oppdatert informasjon om koronaviruset på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Du kan òg ringe den nasjonale informasjonstelefonen på telefon 815 55 015.

Har du vore på reise i smitteområde og fått feber, sår hals, hoste eller pustevanskar? Eller fått slike symptom etter nærkontakt med ein person som har fått påvist koronasmitte?

– Ring fastlegen din, som rettleiar deg vidare, oppmodar kommuneoverlegen.