
Tysnesfest smeller til med fire smellvakre artistar som leverer energi og trøkk blanda med kulhet og finesse.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
– Med det beste av norsk musikk allereie på plass er det ei stor glede å presentere ei av dei store norske hiphop stjernene til årets festival, melder Tysnesfest i ei pressemelding.
.Arif har heilt sidan han vann Urørt-finalen som Phil T. Rich i 2013 vore ein av dei mest kritikarroste og særegne stemmene i norsk hiphop. Med sitt nye prosjekt «Å drukne en fisk» er Arif tilbake i knallform. Det er berre å gle seg til sommaren!
Arif
Med suksessar som Alene, Hvem er hun, Hellig og samarbeid med Karpe og Unge Ferrari/Stig Brenner er Arif er blitt ein eigen målestokk når du snakkar om norsk hiphop.
– Arif er ein konsertattraksjon utenom det vanlige med eit songar på repertoaret som svingar mellom det følsomme vare og bangers med fullt trøkk. Me gler oss til alt han har å by på når han kjem til Tysnesfest.
Lavran
– Me vågar å kalla han Tysnesing, for Lavran er ein me alle har lyst til å trykke til vårt bryst å gjera vår eigen. For makan til talent skal du leite lenge etter.
Med berre eit knippe konsertar i sekken så er Lavran allereie klar for den store scena på Tysnesfest.
– Han har flow, han har stil, han har sjarm, han har Tysnes i blodet, han er Lavran!
Lekende Lett
Med overbevisande kulhet og sjarm vann Lekende Lett rett og slett alle festival-hjertene under 100 Dagar og får opptre på festivalscener over heile vestlandet til sommaren.
– Med sin eigne versjonar av Bailefunk og partydisco har duoen gitt ut ei rekke låtar det er lett å forelska seg i. Det er svett, sexy og fullt av kjærleik. Det blir Lekende Lett på Tysnesfest!
Eirik Aas
Eirik Aas er ein skjult smaragd i Bergens hiphop-miljø og dukka først opp på folks hiphop-radar som ein del av Hester V75 og Vibbefanger-miljøet.
– Med sin solide stil som rapper i botn vågar Eirik Aas å mikse inn fragment av jazz og pop i musikken sin, noko som gjer han til ein våre mest spennande rap-artistar å følge med på. No kan du få oppleve han på Tysnesfest!