
– Me gler oss til å høyre Frida Ånnevik med trioen sin.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Nokre stemmer får deg til å stoppe opp. Dei får deg til å gløyme kva du held på med. Du må berre lytta. Frida Ånnevik har ei slik stemme. Ei stemme som saman med sine unike komposisjonar og fortellarevne bringer fram det beste i eigne og andre sine låtar.
– Me er stolte av å la Frida Ånnevik avslutte Tysnesfest 2023 i Kulturkyrkja på Onarheim. Kulturkyrkja er den perfekte ramma for ei musikalsk høgtidsstund med ein artist som har vunne Grappas debutantpris, Prøysenprisen og Spellemannsprisen.
– Med fem album i sin musikalske ryggsekk gler me oss til å høyre Frida Ånnevik med trioen sin sundag 16. juli, melder Tysnesfest.
Frida Ånnevik spelte sammen med Chris Holsten inn låta «Hvis Verden under pandemien.