
– Fordelane og tryggleiken ein får ved å etablere seg som fastlege i Bjørnafjorden var heilt avgjerande for at eg satsar på eigen praksis.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
– Fordelane og tryggleiken ein får ved å etablere seg som fastlege i Bjørnafjorden var heilt avgjerande for at eg satsar på eigen praksis, seier fersk fastlege ved Os Allmennpraksis, Kristine Parelius Folkvord (30) til Bjørnafjorden kommune.
– Eg har heile tida ønskt å jobbe innanfor allmennmedisin på grunn av den store variasjonen i arbeidet. Likevel var det langt ifrå sjølvsagt at eg allereie skulle etablere eigen fastlegepraksis, seier Parelius Folkvord.
Ho har vore i turnus ved Os Allmennpraksis det siste halve året. Frå 1. mars tok ho over praksisen til Guro Lekven, og har framleis plass til fleire pasientar.
– Eg trivst så godt her! Vi har eit fantastisk arbeidsmiljø. Det er ein veldig kjekk og inspirerande gjeng som jobbar ved Os Allmennpraksis, seier doktor Kristine, som pendlar til Os sentrum frå bustaden i Bergen.
Ferske legar
Mange nyutdanna legar vegrar seg mot å starte opp som sjølvstendig næringsdrivande, og går heller i ulike vikariat til dei har opparbeidd seg nok erfaring og tryggleik til å etablere eigen «butikk».
Ofte må ein investere i dyrt utstyr og ha svært mange pasientar for at praksisen skal gå rundt økonomisk. Nettopp denne kombinasjonen av økonomisk risiko og høgt arbeidspress er medverkande årsak til at det er vanskeleg å rekruttere nye fastlegar til kommunane – spesielt nyutdanna legar.
Bjørnafjorden har lukkast
For oss pasientar kan det bety mangel på legar og stort gjennomtrekk av vikarar i ledige fastlegeheimlar.
– Gode vilkår sikrar stabile fastlegetenester. Det er heilt klart ein fordel for både pasientane og legane, seier den ferske fastlegen.
Staten har ansvar for fastlegeordninga, medan kommunane har det overordna ansvaret for å tilby nødvendige helse- og omsorgstjenester til alle som oppheld seg i kommunen. Fastlegeordninga inngår i dette ansvaret. Kvar enkelt kommune må inngå avtalar med fastlegar, anten som fastlønte, kommunale legar eller som næringsdrivande legar, for å sikre innbyggarane sine forsvarleg helsehjelp.
Ledige fastlegar
Ved å tilby eigne, gode ordningar, har Bjørnafjorden kommune lukkast med å rekruttere nye fastlegar, trass i ei nasjonal fastlegekrise.
Kristine Parelius Folkvord og fleire andre fastlegar i Bjørnafjorden har ledige plassar på listene sine, sjå oversikt over fastlegar på helsenorge.no
– Heilt avgjerande
– For meg var ordningane gjennom Bjørnafjordenmodellen for fastlegar heilt avgjerande for at eg valde å jobbe her og å gå inn i eigen praksis, framfor å ta eit vikariat eller søkje kommunal legestilling. Det ekstra basistilskotet og garantiane gir meg eit pusterom. Eg føler meg tryggare på drifta av praksisen, slik at eg kan fokusere på det viktigaste – å vere ein god lege for pasientane mine, seier Kristine Parelius Folkvord til Bjørnafjorden kommune.