
– La fram ei sakleg og god grunngjeving for indre trasse av E39 og skrinlegging av bru over Bjørnafjorden.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Ein stor delegasjon frå Bjørnafjorden deltok på Vestland Senterparti sitt program- og fylkesårsmøte, og årsmøtet i Hordaland SP på Sandsli 3. og 4.mars.
– Vi fikk være med på å vedta eit offensivt program for videreutvikling av heile fylket, med satsing på vidaregåande opplæring, tett samarbeid med næringslivet, betra fylkesvegane, ha eit veltilpassa kollektivtilbod, og ha gode ordningar for kultur, idrett og frivillig sektor. Innan samferdsel er Sp tydlege på å prioritere liv og helse først, dette inneber vegutbetring og rassikring, melder Bjørnafjorden Senterparti i ein pressemelding.
Bjørnafjordingane gjorde seg gjeldande på møta.
– Etter partileiar Vedum sitt innlegg gjekk Sjur Skorpen Lepsøy på talarstolen og tok til orde for å framsnakke yrkesutdanning . Helge Andersen heldt innlegg i samferdsledebatten, der han la fram ei sakleg og god grunngjeving for indre trasse av E39 og skrinlegging av bru over Bjørnafjorden
Dina-Helen Lervåg vart vald inn i fylkesstyret for Hordaland SP
– Vi ser tilbake på to gode møtedagar og gledar oss til å ta fatt på valgkampen.

Bjørnafjordingar på møtet: Bak: Hege Aase Tysnes, Herborg Nordtveit(senterkvinnene i Hordaland)Sjur Skorpen Lepsøy og Terje Sperrevik, framme Helge Andersen, Dina-Helen Lervåg, Margrethe Holmboe Askeland, Eivind Moberg og Atle Ness. Endre Botnevik var ikkje til stades da bildet ble tatt. Foto: Bjørnafjorden Senterparti