Skal dele ut den første kulturlandskapsprisen

Illustrasjonsfoto: Jan Petter Svendal

Prisen er på 30 000 kroner, og alle kan nominere kandidatar.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Kulturlandskapsprisen skal for første gong delast ut i Vestland. Prisen er heider til den som har gjort ein ekstra innsats for å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.

Alle kan nominere kandidatar. Fristen er 28. februar. Prisen er på 30 000 kroner og blir delt ut på eit lokalt arrangement eller på Landbrukskonferansen skipa til av Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune.

Elektronisk skjema for å nominere kandidatar

– Alle kan fremje forslag til kandidatar, men spesielt kommunar, landbruksrådgjevinga og faglaga blir oppmoda om å komme med forslag. Fleire kan gjerne gå samen om nominering.

Prisen kan delast ut til gardbrukarar og grunneigarar, mindre organisasjonar, bygde- og grendelag, grunneigarlag eller andre former for fellestiltak og samarbeid, kommunar, landbruksretta næringsverksemd og FoU-verksemder.

Prisen går til ein som har utmerka seg ved å forvalte kulturlandskap og miljøet på ein særs god måte. Vinnaren skal ha gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet. Dette kan gå på biologisk mangfald, bygningsvern, verdiskaping, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet. Medverknad til blest om verdiane i kulturlandskapet i Vestland tel også.

Kulturlandskapsprisen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland  og Vestland fylkeskommune.