
– Sjølv om det er ein fjord som delar oss så ser ikkje eg grunn til å dele oss i to soner.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
På vegne av Bjørnafjorden Ungdomsråd og Vestland Ungdomsutval med støtte frå ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg, kjem leiar for Bjørnafjorden ungdomsråd, Mathilde Nonås med eit hjartesukk til kommunen og Vestland fylkeskommune når det gjeld soneinndelinga og prisar på bussar innad i kommunen.
Bjørnafjorden Ungdomsråd har som eit punkt i handlingsplanen for rådet under temaet offentleg kommunikasjon, sett fokus på soneinndeling.
– I eit av punkta vil vi arbeide for å «flytte Fusa til sone A i skysskartet, slik som dei har i Os», skriv Mathilde Nonås i eit brev til kommune og Vestland fylkeskommune.
Situasjonen i dag er at Fusa-sida og Os-sida er i to forskjellige soner. Os i sone A og Fusa i sone B. Dersom ein skal ein liten tur fram og tilbake frå Os og Eikelandsosen må ein som vaksen betala 122 kr, og som barn 62 kr.
– Me ynskjer å få Fusa delen inn i Sone A. Kvifor? Fusa og Os er ein kommune, Bjørnafjorden. Me ønsker å bli sett på som ein kommune, og ikkje to. Det skal ikkje vere sånn at ein må betale 122 kr til og frå med kollektivtransport i sin eigen kommune.
– Eit av formåla med kollektivtransport er å forureina mindre. Då må folk ville bruke det også. Det er nesten like dyrt å køyre ein liten dieselbil att og fram til Os no, sjølv med dei drivstoffprisane som er i dag. Det lønnar seg rett og slett ikkje med kollektivtransport.
Leiaren stiller meg undrande til kvifor ein skal dele ein kommune i to.
– Sjølv om det er ein fjord som delar oss så ser ikkje eg grunn til å dele oss i to soner. Me er ein kommune som prøver å bygge oss saman, og då må ikkje slike ting som dette hindre det.
Mathilde håpar kommune og fylke vil ta dette til etterretning, og viser handlingsevne og mot til å gjere noko med problemstillinga.
Ordførar Trine Lindborg roser engasjementet.
– Dette har vi jobba mykje med, og eg har store forventingar til at endringa kjem, seier ordførar Trine Lindborg til Os og Fusaposten og legg til:
— All honnør til Mathilde og resten av ungdomsrådet. Dette er ei viktig sak. Seinast denne veka tok eg det opp i eit møte i Miljøløftet. No kan det henda at det skjer noko. Det er jo som Mathilde skriv, og som eg har sagt fleire gonger, heilt urimeleg at vi skal vera i to ulike soner.