Livskvalitet åpner ski- og sykkelverksted

Foto: Livskvalitet

– Målet vårt er å drive på ein slik måte at vi klarar å inkludere fleire av brukarane våre enn det vi får til i dag.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Rosvold sport og seinare bare tippekiosken, har hatt sin base i Askvikgården i Os sentrum. Men no startar snart ein ny æra, for 7. februar klokka 12 åpner Livskvalitet ski og sykkelverksted.

Og gjengen i Livskvalitet gler seg stort til å åpne ski- og sykkelverkstaden i Brugata.

Der skal dei om kort tid ta imot ski og syklar til preparering og reparasjon, i tillegg til å servere og selje eigen Livskvalitet-kaffi, brukte klede og turutstyr. 

«Vi har fortsatt behov for mer varer til vår «secondhand» avdeling, så om du har litt fritid og sportstøy liggende så hadde vi vært glad for å kunne fått overtatt det. Stikk hodet gjerne innom nede i Brugata 7 for en prat», skriver Livskvalitet ski og sykkelverksted på sin Facebookside.

På opninga klipper ordfører Trine Lindborg snora, og så kjem Bente Bratlund og les dikt.

Ski- og sykkelverkstaden er driven av Livskvalitet, som er eit lågterskeltilbod til rusavhengige frå Vartun oppfølgingsteneste, og Grantun bufellesskap for vaksne med psykiske lidingar.

– Målet vårt er å drive på ein slik måte at vi klarar å inkludere fleire av brukarane våre enn det vi får til i dag. Ikkje alle har helse til tungt fysisk arbeid og ikkje alle er interesserte i ballspel og fysiske utfordringar. Om vi i tillegg klarar å bli sjølvhjulpne økonomisk– ja, då er vi veldig fornøgde! seier leiar for Vartun oppfølgingsteneste, Per Gunnar Lunde Oseng til Bjørnafjorden kommune.

– Mange av dykk har vore viktige i prosessen med å etablere dette tiltaket. Vi vil gjerne få vist deg butikken, by deg på eit kakestykke og ein god kopp av vår eigen nykverna kaffi! Vi er uendeleg takksame for all velvilje no i oppstarten – og håpar du blir med oss vidare på reisa, seier Lunde Oseng.