Stenger Landboden ved sentrum i mars

Arbeidet i Landboden startet i oktober. FOTO: Jan Petter Svendal

Kommunen informerar om framdriften på arbeidet med å legga nye hovedledningar for vatn og avløp.

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook

I slutten av oktober starta Bjørnafjorden kommune og Fyllingen Maskin AS på arbeidet med nytt VA-anlegg i Landboden.

Arbeidet starta borte ved gamlebrua/ Os aktiv, og skal fortsette nedover Landboden mot Os sentrum det neste året.

Årsaka til gravinga er at det skal leggast nye hovedledningar for vatn og avløp frå Osbrua og til Baronsgården i Landboden.

Les også: LANDBODEN ER STENGT FOR GJENNOMKJØRING

Bjørnafjorden kommune og Entreprenør Fyllingen Maskin legg opp til tre fasar på arbeidet framover

Fase 2:
Os Aktiv – Landboden, pågår ut februar 2023
Arbeid med hovedgrøft, nye leidningar og nedsetting av nye kummer er utført. No fortset arbeida med bl.a. ny grøft for overvatn og ny hydrant for uttak av brannvatn. Etter testing/kloring/utspyling av nye leidningar, skal bygga rundt knyttast på nytt anlegg. Deretter skal nye trekkerør og kablar for straum og fiber leggast, grøfta lukkast, og alle midlertidige leidningar/omleggingar fjernast.

Landboden vil vere stengt for gjennomkøyring ved parkering utanfor OsAktiv, medan dessa arbeida pågår.

Fase 3:
Osøyro – mot Giskavollen, oppstart mars 2023
Etter at fase 2 er ferdig, vil arbeida flytte seg ned mot Osøyro utanfor Landboden nr. 1-5. Dette vert gjort for å nytte den lave fjøra i mars, både for graving av grøfter og når Baronselva skal kryssast. Landboden må stengast inn mot Osøyro i perioden arbeida pågår. Nærmare info vert sendt næring og bebuarar frå Giskavollen og sørover, i veke 5.

Fase 4:
Landboden/Giskavollen, oppstart sommar 2023.
Arbeida mellom Landboden og Giskavollen kan først utførast når arbeid inn mot Osøyro er ferdig. Foreløpig er forventa oppstart sommaren 2023.