No kan friske mellom 18 og 64 år få fjerde dose i Bjørnafjorden kommune

Foto: Jan Petter Svendal

Fjerde dose med koronavaksine er ei moglegheit for denne aldersgruppa, men ikkje ei anbefaling. 

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Årsaka til at fjerde dose med koronavaksine ikkje er ei generell anbefaling for personar 18-64 år, er at immuniteten i denne delen av befolkninga er god og risikoen for alvorleg koronasjukdom låg. Nytten av ein fjerde dose for aldersgruppa sett under eitt, vil derfor truleg vere avgrensa.

Det kan likevel vere gode, individuelle grunnar til at ein frisk, vaksen person no ønskjer å ta fjerde dose, til dømes utanlandsreise, eit ønske om å beskytte sårbare nærkontaktar, å redusere risikoen for plagsame symptom etter smitte eller generell uro for sjukdommen.

Slik får du vaksine

Kommunen planlegg ikkje nye rundar med massevaksinering.
Dersom du er mellom 18 og 64 år og ønskjer ein fjerde dose koronavaksine, kan du få vaksinen på legekontor eller hos samarbeidande apotek. 

Les meir om bestilling av koronavaksine.