Spanderar piggdekk til sykkelen

Foto: Jan Petter Svendal

I samarbeid med lokale aktørar piggar Miljøløftet opp sykkelen din for vinteren.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Kjøper du eitt piggdekk, spanderer Miljøløftet det andre.

Stadig fleire ønskjer å sykle heile året, og når vinteren kjem er det viktig å vere førebudd. Då treng du piggdekk.

– Miljøløftet har gått saman med sykkelbutikkar og andre lokale aktørar i samarbeidskommunane, slik at du kan sykle trygt heile vinteren, melder Bjørnafjorden kommune.

Denne kampanjen gjeld alle: Både du som allereie er aktiv syklist og du som har lyst til å prøve vintersykling for første gong.

Slik går du fram i Bjørnafjorden: 

  1. Få eitt piggdekk gratis, betal for eitt sjølv. Omlegging er inkludert.
  2. Miljøløftet dekker opptil kr 1175,- inkl. mva. for eitt piggdekk og omlegging
  3. Har du eigne piggdekk, dekker Miljøløftet omlegginga.
  4. Ta kontakt med Skaparstovo, Øyro 5, Os. Opningstider måndag–fredag, kl. 10–16. Telefon 942 53 618. Ring reparatøren Cyclofix direkte for bestilling av dekk, telefon 922 20 919. Tider for dekkskift: 9., 16., 23. og 30. november, kl. 15–17.