
Kommunen inviterar til gratis kurs over fem ettermiddagar.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Er du nedstemt, eller slit du med angst, stress og låg sjølvkjensle? Du er langt ifrå åleine om å ha det slik – og det er god hjelp å få.
Bli med på kurs fem måndagar i oktober og november.
Kurset er eit gruppetilbod basert på behandlingsforma kognitiv åtferdsterapi.
– Kognitiv terapi handlar om innsikt i samanhengen mellom tankar, handlingar og følelsar. Eit viktig mål er å bryte dei sjølvforsterkande onde sirklane som opprettheld psykiske helseproblem. Du jobbar med eigne utfordringar undervegs, og får nokre nyttige verktøy til vegen vidare.
Tilbodet er gratis, og er for alle over 16 år som har kjent på lette til moderate psykiske helseproblem over tid.
Kva går eigentleg eit slik kurs ut på? Sjå filmen med Harald og Herdis – tidlegare deltakarar på tilsvarande gruppetilbod i Bergen kommune.
Om kurshaldarane
Maren M. Assev er spesialsjukepleiar og Ane Rørvik sjukepleiar i avdeling for psykisk helse og rustenester i Bjørnafjorden kommune. Maren har jobba med tilbodet Rask psykisk helsehjelp i Bergen og Livskrisehjelpen i mange år, og har hatt tilsvarande gruppetilbod i Bergen kommune. Ane jobbar med psykisk helsehjelp, mellom anna på Kontakto.
Tid og stad
Kurset går over fem ettermiddagar i møterommet Våganipa i 4. etasje i Bjørnafjorden rådhus i Os sentrum.
- Måndag 24.10 kl. 14.30-16.30
- Måndag 31.10 kl. 14.30-16.30
- Måndag 7.11 kl. 14.30-16.30
- Måndag 14.11 kl. 14.30-16.30
- Måndag 21.11 kl. 14.30-16.30