Installerar pipesensor for å førebygge sotbrann

Til uka startar Bjørnafjorden brann og redning å installere pipesensorar i utvalde område.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Måndag 26. september 2022 startar Bjørnafjorden brann og redning å installere pipesensorar i utvalde område i kommunen. Huseigar vil få ein SMS med tilbod om pipesensor. Du må svare JA eller NEI på denne meldinga. Pipesensoren er gratis for huseigar.

Ein pipesensor er eit elektronisk måleapparat som måler temperaturen øvst i skorsteinen.  Dette gjer at brannførebyggande avdeling i Bjørnafjorden kan følgje med på fyringsmønsteret i kvar enkelt skorstein over tid.

Målet med pipesensoren er først og fremst å førebygge og hindre sotbrann. I tillegg vil brannvesenet få langt betre faktagrunnlag for å vurdere når kvar enkelt skorstein treng feiing, og slik kunne drive meir effektivt enn i dag. I dag blir dei fleste skorsteinar feia like ofte, uavhengig av om huseigar har fyrt mykje eller lite.

– Eit overlegent verktøy over tid

– Offentleg sektor treng innovative løysingar som hjelper oss å gi betre tenester til innbyggarane. Vi skal bruke skorsteinsmonitorering for å sjå om vi kan spare tid og ressursar, og samstundes auke kvaliteten i tenesta vår, seier leiar for brannførebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum.

I første omgang vert det montert 400 sensorar i utvalde område i Bjørnafjorden kommune.

– Sensoren les av temperaturen og gir oss presise indikatorar på reelt brukarmønster knytt til kvart enkelt pipeløp. Over tid er dette eit overlegent verktøy for risikovurdering, varsling av pipebrann og skreddarsydd innbyggaroppfølging. Dei neste to åra skal vi montere 400 pipesensorar i utvalde område i kommunen. Dette skal gi oss beslutningsgrunnlag for vidare bruk av elektronikk i pipa. Avhengig av erfaringane frå testperioden, vil vi vurdere å tilby sensorar i alle dei 12 000 aktive eldstadane i Bjørnafjorden kommune, seier Storum.