Dekket eksploderte på vogntog

Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen hadde kontrollar i Os onsdag kveld. Bistod også politiet.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs på Facebook)

Statens vegvesen hadde i går ettermiddag og kveld trafikkontrollar i Os.

-Me starta dagen på Halhjem, og flytta oss deretter til Hjellemarka. Totalt var ca. 15 tunge køyretøy innom kontrollen. Alle desse vart kontrollert for begjæringar (manglande eu kontroll, forsikring, omregistrering og betalt årsavgift). Det vart utsteda tre tekniske mangellappar for lysfeil, seier Knut Namtvedt Sylta i Statens vegvesen.

I tillegg bistod Statens vegvesen oolitiet etter tips om feil med dekk på eit vogntog.

-Det viste seg at det eine dekket på semitraileren hadde eksplodert. Sjåføren hadde sjølv merka dette, og stoppa på første moglege plass. Vogntoget fekk bruksforbod fram til dekket vart bytta.