– Eg blir i Bjørnafjorden kommune

Kommunaldirektør Christian F. Fotland Foto: Jan Petter Svendal

Trekker søknaden i Arendal.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Kommunaldirektør Christian F. Fotland har vore ein av søkerane til stillinga som kommunedirektør i Arendal kommune, men har no trekt søknaden.

– Eg har i dag meldt til ordføraren i Arendal at eg trekk søknaden min som kommunedirektør der, seier han i ei pressemelding.

Han fortel at prosessen i Arendal har vore spennande og lærerik, men velger altså å bli i Bjørnafjorden kommune.

– Etter ei totalvurdering ønskjer eg å jobbe vidare med å skape gode kvardagsliv for alle innbyggarane i Bjørnafjorden kommune.

– Bjørnafjorden kommune har store utviklingsmoglegheiter både for næring, bustad og tenesteutvikling. Dette kjem til å bli veldig spennande i åra som kjem og noko eg ønskjer å vere ein del av.

– Eg ser fram til å samarbeide med både tilsette, politikarar og innbyggarar dei neste åra, avslutter Fotland.