Massevaksinering med ny vaksine

Foto: Jan Petter Svendal

– Frå neste veke begynner vi å vaksinere med ein ny og oppdatert versjon av koronavaksinen som rettar seg mot omikronvarianten.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

FHI anbefaler fjerde koronavaksinedose til alle over 65 år. No anbefaler dei òg personar mellom 18 og 64 år med risiko for alvorleg koronaforløp å ta fire vaksinedosar. Ungdom mellom 12 og 17 år med alvorleg grunnsjukdom blir anbefalt å ta tre dosar koronavaksine.
 
Dersom du tilhøyrer ei av desse målgruppene, kan du bestille time til vaksinering. 

– Frå neste veke begynner vi å vaksinere med ein ny og oppdatert versjon av koronavaksinen som rettar seg mot omikronvarianten. Det er denne vaksinen vi tilbyr som tredje og fjerde vaksinedose, fortel Melf.

Les meir på kommunen sin nettside om timebestillinng til koronavaksine

Det vert massevaksinering i Oshallen og Fjord’n senter onsdag 21. og 28. september.