
Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon.
– Gjennom fagleg påfyll, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, og innsikt i kva følgjer sjukdomen kan gi for personen med demens, deg som pårørande og øvrig familie. Du møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området, melder Bjørnafjorden kommune.
Du møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med erfaring og kompetanse.
Les meir HER!
Pårørandeskulen går over to kveldar og ein dag, måndag 10. oktober, kl. 17.30-20.30 (Osbadet), tysdag 11. oktober kl. 17.30-20.30 (Osbadet) og onsdag 12. oktober kl. 9-15 (Oseana).
Målet for pårørandeskulen er:
- gi pårørande auka kunnskap om demenssjudommar og innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
- bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar, lovar og korleis gå fram for å få kontakt med hjelpeapparatet.
- tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.
– På pårørandeskulen skal vi kunne vere opne i trygge omgjevnader. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal bli mellom deltakarane.
Arrangør er demenskoordinator og ressursperson i Bjørnafjorden kommune, i samarbeid med Bjørnafjorden demensforening.
Kursavgift kr 400,- inkludert lunsj og frukt per deltakar/familie. Betal til kontonummer: 3530.33.14537.
Slik melder du deg på
Påmeldingsfrist 5. oktober 2022.
Send påmelding Du kan òg kontakte Bjørnafjorden demensforeining på telefon 915 72 333