– Utan restriksjonar

FOTO: Jan Petter Svendal

– Vi som jobbar i og med skulane i Bjørnafjorden er veldig opptatt av å gjere overgangen mellom trinn og skular så god og trygg som mogleg.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Sommarferien er snart over for skulanen. Tysdag 16. august er det skulestart på grunnskulane i kommune.

– Denne hausten skal vi gle oss over vanleg skulestart og at vi får eit skuleår utan restriksjonar.  Det er nok mange barn og føresette – og til og med lærarar – som er spente på kva det nye skuleåret har å by på. Nye vennskap skal bli skapt og nye rutinar skal bli innarbeida, seier fagsjef skule i Bjørnafjorden kommune, Janne M.E.Eik i ein melding frå Bjørnafjorden kommune.

Det er alltid ein stor overgang for eit barn å begynne på skulen.

– Vi som jobbar i og med skulane i Bjørnafjorden er veldig opptatt av å gjere overgangen mellom trinn og skular så god og trygg som mogleg. For å få det til, er eit godt samarbeid med heimen heilt avgjerande.

Denne hausten skal alle skulane starte opp med nytt felles ordensreglement.

– Elevar, føresette og tilsette i skulen skal bli godt kjent med reglementet.  Ein vil likevel oppleve nokre ulike reglar på kvar skule, spesielt rutinar knytt til skyss, skuleområdet etc. Kvar skule er unik og treng tilpassa reglar slik at alle elevar er trygge der dei ferdast.

Uansett kva for trinn du startar på, er det nye opplevingar å gle seg til.

– Det er ei glede for meg og Bjørnafjorden kommune å ønskje nettopp deg velkommen til skulestart, seier Janne M.E.Eik.

Første fridag på skulen er haustferien frå 10. oktober.
SJÅ SKULERUTE HER!

Heier på deg
Ordførar Trine Lindborg har denne veka pakka 300 brev til alle 1. klassingane i kommunen.

– Håper det blir stas med brev i posten med deira navn på, – og litt lesehjelp frå nokon heime. Velkomne til aller første skuledag i neste veke, skriv ho på Facebook.

– Alle vi som jobbar i og med skulen din gler oss til å ta i mot deg og til å følgja deg på vegen gjennom skuleåra dine, skriv ho i brevet til 1. klassingane.

– Lukke til med skulestarten! Eg heiar på deg, avslutter Trine Lindborg i brevet.