424 000 skal fordelast – lag og organisasjoner kan søkje om midlar til integrering av flyktningar

Foto: Jan Petter Svendal

– No startar den kanskje viktigaste jobben med å inkludera og skapa ein god kvardag. 

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Bjørnafjorden kommune har teke i mot rekordmange flyktningar i 2022.

– Fokus har i første omgang vore å dekka basisbehova. No startar den kanskje viktigaste jobben med å inkludera og skapa ein god kvardag, seier kultursjef Erik Vangsnes i ei melding frå kommunen. 

Frivillige lag og organisasjonar blir ein nøkkel i dette arbeidet og staten har stilt opp med 424.000 kroner som skal fordelast til gode inkluderingstiltak i 2022.

Denne ordninga gjeld ALLE bjørnafjordingar med innvandrarbakgrunn, både første og andre generasjon, og altså ikkje berre dei som har kome i år.

Frist for å søka kommunen er sett til 1. september. Så langt har det kome berre ein søknad.

Kven kan søkje?
Alle typar frivillige organisasjonar som vil setje fokus på integrering som del av sin aktivitet i Bjørnafjorden kommune.

Organisasjonen må vere registrert i Frivilligheitsregisteret, og ha hovuddelen av medlemmane sine i Bjørnafjorden kommune.

Les meir HER!