Privat grunneigar som har grense til fortau eller veg skal halde vegetasjonen nede

Foto: Jan Petter Svendal

Om grunneigar ikkje ryddar vegetasjonen sjølv risikerer vedkomande både at kommunen klipper den og at dei sender rekning for arbeidet.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Neste veke er det skulestart og mange mjuke, små trafikantar skal igjen ferdast til og frå skulen. 

– Vi oppmodar alle hageeigarar til å halde vegetasjon som tre, buskar og hekk på eit nivå som sikrar god sikt, melder Bjørnafjorden kommune.

Trafikktryggleik er også ditt ansvar

Høg og tett vegetasjon kan vere til hinder for fotgjengarar og dessutan hindra sikt for bilistar. Born er lågere av vekst og har mindre forståing for trafikken. Dette gjer born meir utsett for ulykker. At du køyrer forsiktig og tenker på at born kan kome fram bak ein parkert bil, er sjølvsagt bra. Men pass óg på at gjerde, hekk, busker, tre og anna på din eigedom ikkje skjuler born eller andre trafikkantar. Vurder forholda der du bur, og tenk gjennom om du kan gjere det sikrare rundt din eigedom.

Det er viktig at:

  • Hekkar i frisiktsone er klypt ned slik at maks høgde er 0,5m over kommunalt vegnivå.
  • Trafikantane har fri sikt frå/i alle retningar.
  • Trafikantane ikkje vert hindra av greiner som heng over fortau eller veg.
  • Fotgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og liknande ikkje vert tvinga ut i vegbana grunna vegetasjon.
  • Vedlikehaldsmaskiner ikkje vert hindra av vegetasjon.
  • Vegskilt og vegmerking er godt synleg.
  • Greiner ikkje veks opp i leidningar.
  • Vegetasjon ikkje skjuler gatebelysning.

Kva kan du gjere?

Privat grunneigar som har grense til fortau eller veg skal halde vegetasjonen nede. Kommunen ønskjer god dialog med huseigar og vil jamnleg dele informasjon med innbyggarar om dette ansvaret. 

– Det beste er om folk klipper buskane sine sjølv- maskinene våre er ganske grove. Om grunneigar ikkje ryddar vegetasjonen sjølv risikerer vedkomande både at kommunen klipper den og at dei sender rekning for arbeidet.

Tips kommunen!

Av og til treng kommunen tips om at vegetasjonen langs kommunale vegar og fortau må klippast.
 
Her kan du melde frå om vegetasjon som bør ryddast opp i