Stenger dørene på teststasjonane

Foto: Jan Petter Svendal

Hurtigtestar skal framleis vere lett tilgjengeleg i kommunen.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

I praksis betyr dette at PCR-testing i samband med reise/koronasertifikat etter 1. juli må tas hos ein privat aktør mot betaling. Legekontor og legevakt kan PCR-teste pasientar når dette er nødvendig av medisinske årsaker.

Siste dag for testing ved teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogen er i dag torsdag 30. juni kl. 13.30-15.30. 

Bjørnafjorden kommune har framleis avtale om leige av Røde Kors-huset i Kolskogen ut oktober, og er klare til å starte opp att teststasjonane ved behov. Testkapasiteten skal då ligge på tilsvarande éin prosent av folketalet (om lag 250 personar i veka), med moglegheit for å oppskalere til fem prosent (1250 personar i veka).

Korona- og vaksinetelefonen, tlf. 475 08 412 vil vere open som normalt i sommar: måndag og torsdag, kl. 13.30-15.30.

Framleis hurtigtestar

Hurtigtestar skal framleis vere lett tilgjengelege på legekontora og andre offentlege hentestader. Her kan du hente gratis hurtigtestar.