No kan du betale med bankkort på bussen

Foto: Jan Petter Svendal

På bussen kan du kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett.   

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Skyss har sidan i vinter jobba med å montere bankkortterminalar i alle dei 900 bussane i Hordaland. Dermed kan dei reisande frå i dag kjøpe bussbillett med bankkort i alle bussane i Vestland fylke.  

Du betaler for reisa med bankkort hos sjåføren, på same måte som du betaler med bankkort i butikken eller andre stader.

Betalinga skjer kontaktlaust, ved at du legg kortet ditt på bankterminalen. I nokre tilfelle må du sette inn kortet og taste PIN-koden. Du kan også betale med smarttelefon eller smartklokke, så lenge det er eitt av betalingskorta oppgitt under, som er registrert. 

– Vi oppfordrar framleis dei som kan, om å kjøpe billett på førehand, slik at bussen bruker minst mogleg tid på haldeplassane. Det gjer du i appen Skyss Billett, nettbutikken eller med SMS-billett, melder Skyss..  

 Desse korta kan du bruke: 

  • Visa: Debet– og kreditkort 
  • Mastercard: Debet– og kreditkort 
  • Maestro: Debet– og kreditkort