12 timar gratis SFO i veka

Foto: Jan Petter Svendal

Gjeld elevar på 1. trinn.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Regjeringa har gjort framlegg om at elevar på 1. trinn skal ha 12 timar gratis skulefritidsordning (SFO). Kunnskapsdepartementet skal etter planen vedta forskriftsendringar i midten av juni 2022.

Dette betyr at det vil bli langt billigare for 1. klassingar å gå på SFO det første året.

Ordninga gjeld frå skuleåret 2022/2023 og berre for elevar på 1. trinn. Ordninga gjeld òg SFO-tilbod i feriane.

SJÅ MEIR OM PRISAR OG SØKNAD HER!

Kva betyr dette i Bjørnafjorden kommune?

  • Alle barn på 1. trinn som går på SFO, vil få 12 timar trukke frå på prisen.
  • 12 timar SFO i veka er gratis. Tilbodet er fordelt før skulestart og etter at skulen er slutt for dagen. Sjå kva som er gratis opphaldstid på SFO ved din skule NB! Du må søkje om plass, sjølv om tilbodet er gratis.
  • Utvida tid på SFO må du framleis betale for.
  • Dersom du har søkt om redusert foreldrebetaling for SFO, har du rett på dette i tillegg.
  • Det er ikkje mogleg å kombinere fleire plasstypar.

Pris for SFO varierer med opphaldstype, det vil seie kor mange dagar i veka barnet er på SFO.

  • Du kan velje frå 1-5 dagar.
  • Normal opphaldstid er klokka 7.30-16.30. Nokre skular tilbyr òg utvida opphaldstid frå klokka 7.