Skal kartlegge fritida til alle barnefamiliar i Vestland

Foto: Jan Petter Svendal

Undersøkinga skal gi ny kunnskap om fritidslivet til barn og unge i heile Vestland.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

23. – 24. mai blir alle barnefamiliar i fylket inviterte til å delta i ei undersøking om barns fritid.

Resultatet gir kunnskap som kan legge til rette for betre tilbod, og blir viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Invitasjonane til å delta i undersøkinga blir sendt ut med e-post til alle med folkeregisteradresse i Vestland som har barn i alderen 3 til og med 17 år.

Føresette blir spurde om barn og unge si fritid, si eiga rolle, og korleis medievanar dei har. Spørjeskjemaet vil ta om lag 15 minutt å svare på. Avsendar av e-posten er Barnefamiliepanelet.

Kvifor er undersøkinga viktig?

Resultata frå undersøkinga vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for fylkeskommunen, kommunar, institusjonar og organisasjonar innan kultur, idrett og friluftsliv.

– Undersøkinga gir svar på mellom anna kven som er med og kven som fell utanfor. Resultata vil og gje eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeid med folkehelseoversikta i  Vestland og påfølgjande planstrategi og anna planarbeid i både fylket og Bergen kommune. For kommunane i fylket vil undersøkinga vere relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur, melder Vestland fylkeskommune.

Familiebarnepanelet

I Bergen kommune har barnefamiliepanelet gått i tre omgangar sidan 2019. Bergen har i dag landets beste kunnskap om barn og unges fritid – kven som er med eller som manglar, kva det kostar, kva ein kjenner til av tilbod og meir. I tillegg har panelet gitt viktig kunnskap om utviklinga i deltaking under koronapandemien. Neste felt vil gi svar på kven som er tilbake etter korona, og kven som har falt frå.

I år er undersøkinga for første gang utvida til å dekke heile Vestland fylke.