Har du lyst til å forstå barna dine betre?

Nettverksgruppa «Foreldre møter foreldre» er eit gratis tilbod til deg med barn frå 0-18 år – inkludert middag og aktivitetar for barna.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Nettverksgruppa «Foreldre møter foreldre» er eit gratis tilbod til deg med barn frå 0-18 år – inkludert middag og aktivitetar for barna.

– Nettverksgruppa «Foreldre møter foreldre» skal vere ein stad der du kan få støtte og råd i foreldrerolla og møte andre i same situasjon, i samtale med familierettleiar frå Bjørnafjorden kommune og diakon i Os kyrkjelyd, melder Bjørnafjorden kommune. 

Uavhengig av livssyn, livssituasjon og av om ein allereie mottar tenester frå hjelpeapparatet i dag, er foreldre og barn velkomen. 

Tid og stad

  • Tunet kyrkje- og kultursenter på Osøyro
  • Onsdagar kl. 15.30-18.30. 
  • Vi startar opp onsdag 23. februar. Deretter møtest vi sju onsdagar framover: 2. mars, 9.mars, 16. mars, 23. mars, 30. mars, 6, april og 20. april.

Program og tema

  • kl. 15.30-16.30Middag Vi set oss ned saman rundt bordet og nyt ein god middag. Vi kjem til å ta kontakt med alle påmelde i forkant for å avklare eventuelle allergiar og andre omsyn.
  • kl. 16.30-18.30 (inkl. pausar): Gruppe for dei vaksne og aktivitetar for barna i eit rom i nærleiken.
    Vaksne aktivitetsleiarar vil vere med barna heile tida og legge til rette for at barna har det kjekt medan vi vaksne snakkar saman.

Kvar gong vil eit nytt tema stå sentralt, som:

  • Korleis forstå barnet sine behov og følelsar, slik at de kan få det betre saman?
  • Kommunikasjon med barnet
  • Å vere ein tydeleg vaksen
  • Mat, klede og søvn
  • Korleis ta vare på deg sjølv som forelder
  • Verdiar, tru og livssyn i barneoppdragelsen

Men: Aller viktigast er samtalen oss i mellom. Dette er ikkje undervisning. 

Meld deg på HER!

Tilbodet er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og Os kyrkjelyd, og er finansiert med midlar frå Bufdir.