Grønt nivå i barne- og ungdomsskulane

Foto: Jan Petter Svendal

Men ein skule avventar det litt.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Regjeringa har letta på ein del smitteverntiltak, mellom anna for karantene for øvrige nærkontaktar, fritidsaktivitetar, tiltaksnivå i barnehage/skule og skjenking.

Påbod om munnbind, restriksjonar for arrangement og heimekontor for dei som kan, gjeld framleis.

Sjå dei nasjonale reglane og anbefalingane som gjeld no

Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune har vedtok fredag ettermiddag å innføre grønt tiltaksnivå ved barnehagar og skular frå neste veke:

  • Grønt nivå i barnehagane og vaksenopplæringa i Bjørnafjorden frå måndag 17. januar.
  • Grønt nivå i barne- og ungdomsskulane frå tysdag 18. januar. 
  • Ordinær drift i kulturskulen frå måndag 17. januar.

Barnehagar og skular skal drive smittevernfagleg forsvarleg. Dersom smittesituasjonen tilseier det, kan ein enkelt barnehage eller skule difor innføre eit høgare tiltaksnivå. 

Ein skule avventar
KKL har vedteke at Os ungdomsskule er på gult nivå pga. smitte. Andre skular og barnehagar er på grønt nivå frå tysdag 18.01.22.

I barnehage og skule skal det gjerast vurderingar på einingsnivå og ikkje kommunenivå når det gjeld vedtak om tiltaksnivå.

– Vi ser an smittesituasjonen utover i veka som kjem før vi evtentuelt også går over på grønt nivå, melder rektor ved Os ungdomsskule til foreldre og foresatte fredag ettermiddag.