Fekk mange nyttige merknader til planprogrammet for reguleringsplan E39 Stord-Os (Hordfast)

Illustrasjon av innkjøring på bru over Bjørnafjorden fra syd. Foto: Dissing og Weitling

– Mange av merknadane gjeld spørsmål rundt folk sine enkelteigedomar.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Vegvesenet fekk cirka 50 merknader ved høyring av planprogrammet hausten 2021. Det blir eigne møter i januar med Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren

– Mange av merknadane gjeld spørsmål rundt folk sine enkelteigedomar. Vi takkar for god informasjon og tek desse med i reguleringsarbeidet på same måte som breva vi fekk ved oppstart av planarbeidet, fortel planleggingsleiar Ellen Slinde.

Alle forslag som er spelt inn vil bli vurdert i det vidare arbeidet med reguleringsplanen.

Vegvesenet vil drøfte nokre merknader med Statsforvaltaren og Fylkeskommunen

– Både Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune hadde innspel som vi ynskjer å drøfte med dei. Statens vegvesen vil ta initiativ til egne møter i løpet av januar, fortel Slinde.

Aktuelle tema å drøfte er mellom anna:

  • Innspel om ny vegstandard. Bakgrunnen for dette er mellom anna at Statsforvaltaren i Vestland i sitt innspel til planprogrammet, ber Vegvesenet utgreie eit alternativ med 90 km/t for ein del av strekninga som er under planlegging. Vegen er planlagt med 110 km/t.
  • Statsforvaltaren ber Vegvesenet oppdatere konsekvensutgreiinga for naturmangfald i heile planområdet og ikkje berre for deler av området.
  • Avbøtande tiltak som verkemiddel ynskjer Statsforvaltaren at blir brukt mellom anna mot oppsplitting/fragmentering av naturområde.
  • Økologisk kompensasjon er planlagt utgreidd som del av reguleringsplanen og Statsforvaltaren understrekar at dette verkemiddelet bør brukast.
  • Vestland Fylkeskommune ynskjer å få synleggjort tilpassing til eksisterande fylkesvegar.

– Alle forhold som er spelt inn vil bli vurdert av Statens vegvesen i planperioden. Når forslaget til reguleringsplan er klar vil ein sjå om og korleis innspela har påverka løysingane, fortel Slinde.

Reguleringsplanen er planlagt lagt ut på offentleg høyring i 2022. Då blir det også arrangert fleire offentlege møte og informasjon om løysingane vil bli lagt ut på prosjektsida. Møtetidspunkt vil bli annonsert, melder Statens vegvesen.

Planprogram for reguleringsarbeidet var på høyring i perioden 15. september til 30. oktober. Det blei gitt utsett høyringsfrist til 22.november for dei som bad om det, mellom anna kommunane og offentlege etatar. Statsforvaltaren bad om utvida høyringsfrist til 30. november.

Planarbeidet er i statleg regi
Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) er planmynde og tek endeleg avgjerd. Kommunane er høyringsinstansar.

Området for ny konsekvensutgreiing ligg mellom Hodnanes ved Langenuen og Beltestad ved Søreidvika . Forslag til planprogram viser alternativ som skal utgreiast og kva tema som konsekvensutgreiinga for denne delstrekninga skal omfatte.

I planprogrammet er det også med ei oversikt over kva tema som skal vere med i planomtalen til reguleringsplanen for E39 Stord – Os. Framdrift og medverknad i planprosessen er omtala.