
Kommunen har fått over 1,3 millionar kroner som skal gå til servering, uteliv, underholdning og overnattingsbransjen.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!
Bjørnafjorden kommune har fått tildelt kr. 1.372.000 i ei ny tildelingsrunde vedtatt i Stortinget 21. desember 2021.
– Midlane er lyst ut med mål om å hjelpe situasjonen til den delen av næringslivet som igjen er ramma av nye smitteverntiltak. Servering, uteliv, underholdning og overnattingsbransjen vil bli prioritert, men også andre kan søkje.
– Støtta blir gitt med eit grunnbeløp i tillegg til eit beløp rekna ut frå tal årsverk i verksemda. Informasjon om tilsette må difor vere med i søknaden, i tillegg til kor mykje støtte verksemda har mottatt tidlegare i 2021.
Søknadsfrist er søndag 16. januar 2022.
Utbetaling vil etter planen vere i den påfølgande veka.