Ber tilsette og elevar om å teste seg før skulestart

Foto: Jan Petter Svendal

Måndag 3. januar kan hurtigtestar hentast.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Helsedirektoratet ber tilsette i barnehage og elevar og tilsette i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule om å teste seg med hurtigtest før dei kjem tilbake til barnehagen eller skulen 
etter juleferien. Målet er å fange opp og stanse smitte før oppstart.

Ordninga gjeld ikkje barn i barnehage.

Skulane og barnehagane i Bjørnafjorden får hurtigtestar til utdeling måndag 3. januar. Då er det planleggingsdag for dei tilsette, og fri for barn og elevar.

– Hent hurtigtest til ditt barn/ungdom på eigen skule mellom klokka 14-16, måndag 3. januar. Ein test per elev. Du kan òg bruke sjølvtestar/hurtigtestar du har heime – det er ikkje nødvendig å hente om du allereie har test liggande, melder Bjørnafjorden kommune.

Oppdatert: Du kan òg hente hurtigtest på kommunen sine andre utleveringsstader, sjå oversikt.

Les også: PASSERTE 1000 SMITTETILFELLER I KOMMUNEN

Tilsette i barnehage/skule

  • Hurtigtest blir delt ut på arbeidsplassen, etter nærare informasjon frå leiar.
  • Tilsette testar seg på planleggingsdagen så snart testane er tilgjengelege.

    Slik går du fram
    Testen skal tas tidlegast 24 timar før skulestart. For elevane betyr dette den 3. januar (helst om kvelden) eller om morgonen den 4. januar.
  • Negativ test: Elevar kan gå på skulen/tilsette i barnehagen, så lenge dei er friske. Hald dei heime dersom dei er sjuke eller har symptom, sjølv om testen er negativ.
  • Positiv test: Hald deg heime, isoler deg frå dei du bur med (om du kan) og ring smittesporingsleiar på telefon 908 34 884Les kva du gjer om hurtigtesten er positiv. Du må sjølv melde ifrå til nærkontaktane dine og seie at det er anbefalt at dei testar seg med hurtigtest.
  • Testen viser «Invalid»: Ta ny test.