Tre nye navn er klare for Tysnesfest

Torsdagen spelar blant anna Plumbo.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Torsdag 7. juli 2022 blir ein konsertdag der alle artistane lett kunne vore nominert til Spellemannsprisen sin aller nyaste kategori; «Festmusikk».

Frå før er Staysman og Halva Priset lansert, og i dag dreg Tysnesfest opp heile tre nye artistar som skal sørge for god stemning og høg allsongfaktor på ein kveld me utvilsomt kan kalla ein hyllest til bygda! 

Plumbo, Hagle og Soppgirobygget er klare for å blåsa hatten av deg!

– Ja, kva skal ein seia til dette då? Me har vel funne ut at bygdepop fungera utruleg bra på Tysnesfest, så kvifor ikkje dedikera ein heil kveld til fenomenet? Tilbakemeldingane frå dei som allereie har blitt innlemma i planane er utelukkande positive, og for å sitera ein av dei store skikkelsane i musikknorge som me ofte rådfører oss med: «Torsdagen blir jo faktisk dødelig bra med den gjengen der!», seier Øystein Vaage i Tysnesfest

– Me får forresten dagleg spørsmål rundt billettkjøp og kva me trur om mulighetene for at det blir Tysnesfest 2022. I våre auger er det ikkje noko anna alternativ enn full festival med god stemning!

Signalet frå myndigheitene er at med god vaksineoppslutning, boosterdose og kanskje mindre sjukdom av omikronvarianten vil festivalsommaren kunna gå som vanlig.

Og skulle det ikkje bli festival har du tryggheit i at me sjølvsagt vil gje refundering av billetten hvis du ynskjer det.