
Kommunen må prioritera lovpålagde oppgåver og justera aktivitetsnivået på fleire tilbod i denne fasen.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Høgt sjukefråvær og ekstraoppgåver i samband med pandemihandteringa, gjer at Bjørnafjorden kommune no, til liks med svært mange andre kommunar i landet, må justere tilbodet og aktivitetsnivået i fleire av tenestene og tilboda på helse- og velferdsområdet.
– Vi er dessverre komne dit no. Våre tilsette gjer ein heilt formidabel jobb og har strekt seg så langt dei maktar i snart to år. No er bemanningssituasjonen slik at det ikkje er mogleg å halde vanleg drift oppe på alle frontar, og vi må prioritere lovpålagte oppgåver. sier ordførar Trine Lindborg.
Tenestemottakarar og pårørande som blir berørte av redusert tilbod i denne fasen, vil få direkte beskjed frå den aktuelle tenesta.
– Samstundes er det viktig at vi alle er klar over den enorme belastninga dei tilsette i helse- og velferdstenestene våre står i, og har forståing for at bemanningssituasjonen og pandemihandteringa får konsekvensar for kva det faktisk er mogleg å få til nett no.
– Med å gå ut med denne type informasjon frå ordførar er det ikkje meininga å skapa uro og utryggleik, men det er rett og slett ei realitetsorientering og forventningsavklaring for oss bjørnafjordingar på kva som er mogleg å få til i desse krevjande tidene,-også i vår kommune.