Anbefaler lag og organisasjonar for barn og unge om å ta juleferie

Illustrasjonsfoto: Jan Petter Svendal

Forsterka tiltak i barnehagane og på skulane.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Det er stort sjukefråvær blant både store og små i barnehagane og på skulane i Bjørnafjorden kommune, og behov for forsterka tiltak. 
Det er beslutta nasjonalt å gjeninnføre trafikklysmodellen.

Norer Neset ungdomsskule har bestemt at det blir heimeskule for 9. og 10. trinn neste veke, grunna høgt smittetrykk og aukande personalfråvær.

– Barnehagane og skulane i Bjørnafjorden kommune er på grønt nivå med nokre forsterka tiltak. Føresette får informasjon om dette tilsendt frå sin barnehage eller skule, melder kommunen.

Forsterka tiltak for barnehagane og skulane:

  • Når du leverer og hentar barn i barnehagen eller på skulen/SFO skal du nytte munnbind. Dette er eit påbod etter lokal smittevernforskrift.
  • Forsterka reinhald frå måndag 13. desember.
  • Av omsyn til forsvarleg drift og sikkerheit, kan barnehagane og SFO ha redusert opningstid. Dersom dette blir aktuelt, får du direkte beskjed om dette frå barnehagen eller skulen.
  • For skule: Ved stort fråvær blant tilsette og barn eller ved auka smitte, kan enkelte trinn gå over til digital heimeundervisning. Dersom dette blir aktuelt, får du beskjed direkte frå skulen. 

Her kan du lese den lokale smittevernforskrifta som gjeld frå 10. desember til 24. desember.

Fritidsaktivitetar for barn og ungdom

– Det er både viktig og sunt for barn å vere aktive og delta i organiserte aktivitetar. Men med den smittesituasjonen vi ser no, vil eg likevel anbefale lag og organisasjonar å ta juleferie frå treningar og liknande for barn frå ulike klassar og skular no, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Nore Neset Idrettslag har vedteke å avlysa all organisering, trening- og kampaktivitet i regi av idrettslaget ut året.