Påbod om munnbind, heimekontor og bordservering av alkohol på utestadar

Foto: Jan Petter Svendal

Regjeringa innfører regionale tiltak i fleire kommunar i Vestland for å få ned smitten, deriblant Bjørnafjorden kommune.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har følgt situasjonen i Vestland dei siste vekene. Det har vore stigande koronasmitte over tid i regionen.

– Det er stor pågang av pasientar og høge tal på sjukmeldingar og anna fråvær i helsetenestene både i kommunane og på sjukehusa. I tillegg er sjukehusa i regionen i gul beredskap. Situasjonen er svært utfordrande. Difor set vi i verk tiltak her nå, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Desse regionale tiltaka vert innførte med forskrift:

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikten til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruke munnbind.
  • Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller deler av uka.
  • Antallsbegrensninger for private arrangement innadørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.

Tiltaka er dei same som blei iverksette for Oslo kommune og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke i går.

Forskrifta om regionale tiltak gjeld for følgjande kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen:

Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Modalen, Samnanger, Vaksdal, Voss, Øygarden.

Helsedirektoratet støttar statsforvaltaren i oppmodinga om at følgjande kommunar følgjer smittesituasjonen i eigen kommune tett og kontinuerleg vurderer behovet for forsterka tilrådingar og tiltak: Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden og Ulvik.

Dei regionale tiltaka vil tre i kraft i dag, fredag 3. desember klokka 21, og gjeld inntil vidare.