
Det er berre Pfizer-vaksinen som er godkjent som oppfriskingsdose.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
No kan alle personar over 18 år bestille time for tredje dose koronavaksine, ein såkalla oppfriskingsdose.
Du kan berre ta vaksinen på massevaksinasjonsstasjonane i Bjørnafjorden kommune..
- For personar over 65 år skal det vere eit intervall på minimum 5 månader mellom andre og tredje koronavaksinedose.
- For personar mellom 18 og 64 år skal det vere eit intervall på minimum 6 månader mellom andre og tredje koronavaksinedose.
Det er berre Pfizer-vaksinen (Comirnaty) som er godkjent som oppfriskingsdose, og dermed den vaksinetypen som vil bli gitt.
Koronavaksinen er gratis.
Er du over 18 år? Slik får du tredje koronavaksinedose
Massevaksinasjon: Oshallen og Fjord’n senter kvar onsdag. Bestill time til massevaksinasjon her Du kan òg bestille time på telefon 913 58 649. Det vil bli lagt ut nye timar for massevaksinasjon fortløpande, fortrinnsvis på onsdagar.
Skal du ta influensavaksine også?
Personar over 65 år er anbefalt å ta influensavaksine. Det bør vere minst ei vekes intervall mellom influensavaksine og koronavaksine. Du kan ta influensavaksine hos fastlegen din eller på massevaksinasjon. Les meir: Slik blir influensavaksineringa 2021.