– Fastlegene har ikkje kapasitet til koronavaksinasjon

Foto: Jan Petter Svendal

Men alle over 18 år kan bestilla time til massevaksinasjon av ein tredje dose.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Onsdag medlte Bjørnafjorden kommune at det no er opna for tredje dose koronavaksine til alle over 18 år.

Men det er eit krav om minimum seks månader mellom andre og tredje dose (fem månader for 65+), men du kan ikkje ta vaksina hos fastlegen.

– Fastlegekontora i Bjørnafjorden kommune har ikkje kapasitet til å drive koronavaksinasjon for tida. Difor har kommuneoverlegen bestemt at det inntil vidare er massevaksinasjon i Oshallen og Fjord’n senter som gjeld.

Bestill time for tredje dose i Oshallen /Fjord’n senter via heimesida til kommunen dersom du er over 18 år OG det har gått minst 6 månader sidan andre dose (5 mnd for 65+). Ikkje ring fastlegen. Bestill time til massevaksinasjon her. Du kan òg bestille time på telefon 913 58 649

Det er berre Pfizer-vaksinen (Comirnaty) som er godkjent som oppfriskingsdose, og dermed den vaksinetypen som vil bli gitt.

Koronavaksinen er gratis.