Bli med og set fokus på vennskap denne veka

Venneveko arrangeres for tredje gong denne veka.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Os kommune og Os kyrkjelyd tok iniativ til den første venneveko i 2019. I denne veka, veke 47, blir Venneveko arrangert for tredje gong.

– Barn, unge og vaksne treng vennskap, og i nokre fasar av livet er det ekstra viktig å ha «den eine» der, det vere seg fagperson, familiemedlem eller ein venn. Vi kan alle vere ein venn, og i alle vennskap er den gode dialogen og respekten viktig, melder arrangørane.

Målet med veka er å jobbe med gode haldningar, involvere, vere til stades, og synleggjering på ulike arenaer i kommunen med vennskap som tema, på ein inkluderande, gøy og vennskapeleg måte.

– Vi ynskjer å mobilisere breitt, og utfordrar mellom anna barnehagar, skular, eldresenter, næringslivet, idrettslag, kyrkja, frivillige organisasjonar og alle der heime om å ha spesielt fokus og synleggjering i veke 47.

– I gata, på skulen, i sentrum og på kjøpesenteret, på idrettsbana, i aviser, kyrkjelydsblad, gamle og unge. Vi ynskjer å vise at vi er viktige for kvarandre, og at alle er like viktige. Du kan vere med å bety ein forskjell for dei du har rundt deg.

Les meir om venneveko HER!

Kontaktpersonar for Venneveko

Anne Solberg Andersson, ungdomskonsulent i Bjørnafjorden kommune
Send e-post

Ingrid Vik, diakon Os kyrkje
Send e-post

Elin Tuft, SLT-koordinator i Bjørnafjorden kommune
Send e-post

Sigbjørg Eriksson, kreftkoordinator i Bjørnafjorden kommune
Send e-post