Bjørnafjorden kommune innfører nye tiltak

Bjørnafjorden, Bergen og omegnskommunane med felles forskriftsfesta koronatiltak.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

For å få bukt med smitteutviklinga i regionen vår, innfører Bjørnafjorden, Bergen og omegnskommunane felles forskriftsfesta koronatiltak.

Forskrifta gjeld frå og med måndag 22. november til og med måndag 20. desember 2021.

Dette er dei nye lokale tiltaka

  • Påbod om registrering av gjester på skjenkestader, restaurantar, kafear og kantiner. Kontaktopplysningane skal berre brukast dersom det skulle bli nødvendig med smittesporing,
  • Påbod om å bruke munnbind innandørs på følgjande offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand: butikkar, fellesareal på kjøpesenter, kollektivtransport, innandørs stasjonsområde og taxi.
    Krav om munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, eller for dei som av medisinske årsaker ikkje kan bruke munnbind.
    • I tillegg anbefaler vi bruk av munnbind på andre offentlege stader og arrangement kor det er vanskeleg å halde avstand.

      – For å kunne halde hjula i gang
      – Vi innfører desse tiltaka slik at vi forhåpentlegvis kan halde samfunnet ope og hjula i gang, også i tida framover. Helsevesenet er under sterkt press, og no må vi alle saman bidra for å unngå å auke dette presset. I tillegg må vi beskytte dei eldste og mest utsette blant oss,  seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

Ordførar, kommuneoverlege og kommunedirektør i Bjørnafjorden har hatt hyppige møte med Bergen og omegnskommunane, Statsforvaltaren og dei regionale helseføretaka dei siste dagane. 


– Vi ser at presset på helsetenesta og smittetrykket er ei felles utfordring i regionen. Vi står samla med Bergen om dei nye koronatiltaka og forskrifta blir også innført i Alver, Askøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden, seier ordførar Lindborg.

Fornuft og forsiktigheit

– Ver forsiktig og fornuftig! Du kan framleis gå på planlagte arrangement i både privat og offentleg regi – så lenge du er heilt frisk, held avstand og vaskar eller spritar hendene godt og ofte. Eg forstår veldig godt at det sit langt inne å droppe eit etterlengta julebord eller selskap, og det er heller ikkje det som er bodskapen. Men det er svært viktig at du held deg heime om du har symptom på luftvegsinfeksjon. Sjølv om du er i OK form, kan du lett smitte andre som ikkje toler infeksjonen like godt, seier Lindborg.

Ta vaksinen!

– Eg vil òg oppmode alle til å ta imot tilbod om koronavaksine. Dersom du enno ikkje har tatt første dose, er det no verkeleg på tide. Vaksinen beskyttar godt mot både smitte og utvikling av alvorleg koronasjukdom. Eg vil òg oppmode alle over 65 år om å ta imot tilbodet om både influensavaksine og tredje dose koronavaksine. Vaksinen kan du ta hos fastlegen eller på ein av massevaksinasjonsstasjonane vår, oppmodar ordførar Trine Lindborg.

Les også: 

Slik går du fram for å ta koronavaksine

Slik går du fram for å ta influensavaksine