Her får du hurtigtest

Foto: Jan Petter Svendal

Frå og med fredag kan du hente gratis hurtigtest endå fleire stader, blant anna på Oseana, Rådhuset og biblioteka.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

– For å få bukt med dei stigande smittetala rundt oss, samstundes som vi skal halde hjula i gang, er det veldig viktig at vi gjer hurtigtestar lett tilgjengelege for folk med symptom eller som er nærkontakt til påviste smittetilfelle, seier ordførar Trine Lindborg.

– Eg har difor bede kommuneoverlegen og beredskapsrådgivar i kommunen om å ta kontakt med aktuelle stader rundt om i kommunen for å sikre enklast mogleg tilgang på gratis hurtigtestar, for flest mogleg, i størst mogleg tidsrom. Eg er svært takksam for alle kommunale og private aktørar som stiller opp for fellesskapet ved å vere utdelingsstad for hurtigtestar. Eg håpar og trur dette vil gjere det enklare å få tak i test utanom opningstidene på teststasjonane og legekontora. Dersom vi vil ha smittetala ned, må vi jo legge til rette for at folk testar seg, seier ordførar Lindborg.

Her får du gratis hurtigtest Når skal du ta hurtigtest?

  • Alle legekontor i kommunen (du treng ikkje bestille time)
  • På teststasjonane
  • Teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Sjå kart. Måndag-fredag 8-15, laurdag 9-17
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Sjå kart. Eikelandsosen: Måndag og torsdag, kl. 16-17.

Frå og med fredag 19. november kan du i tillegg få utdelt gratis hurtigtest til heimebruk ved følgjande stader i opningstida:

  • Kommunetorget på Bjørnafjorden rådhus, Torggata 7, 5200 Os
  • Hovudbiblioteket i Os og filialen i Eikelandsosen Sjå adresse og opningstider
  • Fusa symjehall Sjå kart og opningstider
  • Framo Aktiv på Venjaneset Sjå adresse og opningstider
  • Oseana kunst- og kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os Opningstider: tysdag, onsdag og fredag, kl. 11-16.30, torsdag kl. 11-18, laurdag kl. 11-16, søndag 12-18
  • Baldersheim helsetun, måndag-fredag, kl. 11-12

NB: Ordinær legevakt har ikkje hurtigtestar til utdeling.

Dersom du har symptom, kan du ta på munnbind for å hente hurtigtest. Eventuelt kan du be nokon utan symptom om å hente for deg. Friske skal ikkje hente hurtigtest, med mindre dei er uvaksinerte nærkontaktar til påviste smittetilfelle.

Når skal du ta hurtigtest?