På med munnbindet igjen

Foto: Jan Petter Svendal

Bjørnafjorden kommune går ut med anbefaling om bruk av munnbind der du ikkje kan halde minimum ein meters avstand.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Bergen og fleire av omegnskommunane våre har høge smittetal for tida. Trenden i Bjørnafjorden er òg stigande.

– Det er berre eit tidsspørsmål før vi ser endå høgare smittetal i vår kommune. Difor er det så viktig at vi alle saman gjer det vi kan for å bremse og stanse utviklinga, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

17 NYE SMITTETILFELLER I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE TIRSDAG

Bruk munnbind!

Bjørnafjorden kommune følgjer smittesituasjonen tett saman med omegnskommunane våre, statsforvaltaren og helseføretaka, og det kan bli aktuelt med fleire regionale tiltak i løpet av den nærmaste tida.

Kommunal kriseleiing i Bjørnafjorden kommune har i dag, onsdag 17. november, vedtatt ei anbefaling om bruk av munnbind der du ikkje kan halde minimum ein meters avstand, det vil seie på kollektivtransport, kjøpesenter, butikkar, arrangement og andre stader kor det kan vere trongt om plassen. Det er òg innført bruk av munnbind for besøkande til sjukeheimane i Bjørnafjorden.

Vaksiner deg!

– Vi må beskytte dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke av viruset, og samstundes sikre at helsevesenet vårt har kapasitet til å ta seg av alle som treng det av ulike årsaker. Koronavaksinen beskyttar godt mot både smitte og alvorleg sjukdomsforløp, men det er framleis ganske mange vaksne som ikkje er vaksinerte. Uvaksinerte vaksne har langt større risiko for å utvikle alvorleg sjukdom og trenge sjukehusinnlegging. Er du ein av dei? Vaksiner deg! Bestill time hos fastlegen din eller kom på drop-in i Oshallen/Fjord’n senter denne veka. I tillegg bør alle over 65 år absolutt ta imot tilbodet om tredje vaksinedose, oppmodar kommuneoverlegen.

Hald deg heime og ta test!

– Har du symptom på luftvegsinfeksjon? Hald deg heime og ta koronatest – anten ein hurtigtest heime eller ein PCR-test på ein av teststasjonane. Vask hendene godt og ofte. Host eller nys i albogekroken eller i eit papirlommetørkle. Alt dette var vi veldig flinke til, men altfor mange har sloppe opp på dei gode smittevernrutinane. No er det alvor igjen, påpeiker kommuneoverlege Melf.

Slik går du fram for å teste deg

NB: Ordinær legevakt har ikkje hurtigtestar til utdeling.
Dersom du har symptom, kan du ta på munnbind for å hente hurtigtest. Eventuelt kan du be nokon utan symptom om å hente for deg. Friske skal ikkje hente hurtigtest, med mindre dei er uvaksinerte nærkontaktar til påviste smittetilfelle.