– Dei færraste barn blir alvorleg sjuke av RS-viruset

Arkivfoto: Jan Petter Svendal

Legekontora og legevakta opplever enorm pågang frå foreldre som er redde for at deira barn skal bli alvorleg sjuke av forkjølingsviruset RS.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

– Heldigvis blir dei færraste barn alvorleg sjuke av dette viruset, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

– Eg forstår veldig godt at foreldre blir ekstra bekymra når barn får luftvegsinfeksjonar for tida. RS-viruset går vanlegvis kvar vinter, men i år starta sesongen litt tidlegare enn vanleg og fleire blir smitta fordi vi er mindre motstandsdyktige etter halvanna år med sterkt smittevern. Når fleire blir smitta, blir fleire sjuke – og då blir òg nokre fleire enn vanleg lagt inn på sjukehus. RS-viruset har fått mykje merksemd i media i det siste, og då er det klart at mange blir redde, seier kommuneoverlege Klaus Melf, som fortel at legevakta i Bjørnafjorden for tida opplever ein enorm pågang frå unødvendig bekymra foreldre.

Friske av seg sjølv
– Difor er det òg ekstra viktig å få fram at det er få barn som treng legetilsyn når dei har ein luftvegsinfeksjon – og endå færre som blir så sjuke at dei treng å bli behandla på sjukehuset. Dei aller fleste som blir smitta med RS-virus får forkjølingssymptom, og blir heilt friske etter nokre dagar utan anna behandling enn god omsorg. Nokre få av dei som blir smitta av RS-virus, blir så sjuke at dei i tillegg treng behandling på sjukehus. Dette gjeld først og fremst barn under eitt år – men dei fleste barn under eitt år blir òg friske av seg sjølve, seier kommuneoverlegen.

Når skal foreldre ta kontakt med lege?
Dersom barnet er slapt, har dårleg almenntilstand, drikk lite, har tørre bleier og/eller tungt for å puste, skal du ta kontakt med fastlegen. Symptoma treng ikkje inkludere feber. Legevakta skal berre kontaktast dersom det verkeleg er nødvendig.

– Hovudregelen er at jo yngre barnet er, jo lågare terskel skal du ha for å kontakte lege, seier Melf. – Difor er det òg viktig at vi beskytter dei minste mot RS-viruset. Til dømes skal alle som besøker ein nyfødd vere heilt friske.

Når treng foreldre ikkje ta kontakt med lege?
Eit barn som er forkjøla, men i OK form, treng ikkje oppsøkje lege. Det er ikkje nødvendig å sjekke om det er RS-virus, men det kan vere lurt å teste for korona. Korontatesten kan barnet ta i form av to hurtigtestar heime, med 24 timars mellomrom. Du får hurtigtestar gratis på teststasjonane i Kolskogen og Eikelandsosen, og alle legekontor i kommunen. NB! Du får ikkje hurtigtestar på legevakta på Moberg.