-Vaksinasjon er det viktigste tiltaket no

Ordfører Trine Lindborg Foto: Jan Petter Svendal
  • – Vi har kontroll over smittesituasjonen.

– Smittesituasjonen i Bjørnafjorden er under kontroll, og det er ikkje aktuelt med lokale tiltak per i dag. Men vi følgjer sjølvsagt utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka, seier ordførar Trine Lindborg.

Regjeringa heldt pressekonferanse i dag, fredag 12. november. Her kan du sjå heile pressekonferansen.
Bakgrunnen er høge smittetal og press på helsetenestene i delar av landet. Tiltaka regjeringa no innfører for å bremse smitteutviklinga er:

  • Kommunar får moglegheit til å innføre bruk av koronasertifikat, til dømes ved arrangement og utestader
  • Alle over 18 år skal få tilbod om ein tredje dose koronavaksine. Truleg skjer dette neste år
  • Uvaksinerte nærkontaktar til smitta i husstanden må teste seg, dette har tidlegare berre vore ei anbefaling
  • Nye reglar for uvaksinert helsepersonell. Testing to gonger i veka og klar beskjed om at dei må bruke munnbind

Beskytte folk og helsetenestene våre

Fleire luftvegsvirus er i omløp for tida. Kombinert med lågare motstandsdyktigheit blant folk etter halvanna år med lite smitte, gjer dette at fleire blir smitta og dermed blir òg fleire så sjuke at dei treng behandling på sjukehuset. Dette gjeld både ved korona- og andre luftvegsvirus. 
– Vi må beskytte dei som er utsette mot sjukdom og samstundes hjelpe helsetenestene å halde kapasiteten oppe. Dette gjer vi aller best best ved å ta vaksinen vi får tilbod om. Vaksinasjon er det aller viktigaste og mest effektive tiltaket, seier Lindborg.

Koronasertifikat kan bli aktuelt

Det er i stor grad opp til kvar enkelt kommune og region å sette inn lokale tiltak når og der det er nødvendig. Eitt av moglege tiltak som regjeringa no opnar for, er at kommunane kan krevje framvising av koronasertifikat ved arrangement og utestader. Dette skal sikre at tilbod og bedrifter kan halde ope sjølv om smittetrykket aukar. Dette tiltaket er førebels under utgreiing hos FHI.

Normal kvardag med auka beredskap

– Som statsministeren og helseministeren sa på pressekonferansen, så er det stor forskjell på kva som er nødvendige tiltak no og kva som var nødvendige tiltak i fjor vår. No er store delar av befolkninga fullvaksinert, som gjer at vi kan ha ein tilnærma normal kvardag med auka beredskap, seier ordførar Trine Lindborg.

Koronavaksinen beskytter godt mot alvorleg sjukdomsforløp

– Koronavaksinen beskytter godt mot alvorleg sjukdom, men dessverre ikkje 100 prosent mot smitte. Vi er i gang med å gi tredje koronavaksinedose til dei over 65 år, og neste år vil alle over 18 år få tilbodet òg. I tillegg må vi halde oss heime når vi er sjuke og teste oss ved symptom. Det held ikkje å berre innføre tiltak, vi må etterleve dei òg, seier Trine Lindborg