Mann frå Bjørnafjorden døydde etter å ha fått påvist covid-19

Foto: Jan Petter Svendal

Mannen var fullvaksinert men hadde fleire underliggande sjukdomar.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Ein mann i 80-åra frå Bjørnafjorden kommune som fekk påvist covid-19 sist veke, døydde i dag på Haukeland universitetssjukehus.

Mannen blei akuttinnlagt på sjukehus onsdag 3. november. Han var fullvaksinert mot korona, men hadde fleire underliggande sjukdomar som likevel gav høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp ved smitte.

– Dette er ein veldig trist beskjed å få, og ei viktig påminning om at pandemien ikkje er over. Vi må framleis vere forsiktige av omsyn til alle dei som er spesielt utsette. Mine tankar går til dei pårørande i dag, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

Informasjon om dødsfallet er gitt i samråd med pårørande.