– To avdelingar ved sjukeheimen er mellombels stengde

Arkivfoto: Jan Petter Svendal

Smitte blant tilsette på Luranetunet.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

To tilsette ved Luranetunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19. 

– To avdelingar ved sjukeheimen er mellombels stengde for besøkande og inn- og utgåande pasientar medan ein får oversikt over situasjonen.
Leiinga på Luranetunet følgjer situasjonen tett saman med kommuneoverlegen, melder Bjørnafjorden kommune.

Alle pårørande, tilsette og andre nærkontaktar ved dei aktuelle avdelingane er informerte, det same er øvrige tilsette ved Luranetunet.