Korleis skal vi ha det i Bjørnafjorden framover?

Foto: Jan Petter Svendal

Å skapa gode liv for alle er noko vi må samarbeida om og bidra til, alle vi som bur og arbeider i Bjørnafjorden.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Bjørnafjorden kommune er i gang med å laga den første kommuneplanen for den nye kommunen vår.

– Først skal vi laga ein samfunnsdel. Den skal ta for seg korleis vi vil ha det i Bjørnafjorden dei neste 12 åra, og kva vi må gjera for å få det til.

Den skal handla om livet i bygdene/krinsane og tettstadane, korleis vi kjem oss frå A til Å, og korleis vi kan ta vare på natur og miljø. Den skal seia noko om korleis vi skal bruka arealet vårt. Om arbeidsplassar. Og korleis vi skal greia å yta treffsikre tenester til innbyggjarane i takt med endringane i samfunnet. 

– For å få til dette, ønskjer vi samarbeid med alle gode krefter i Bjørnafjorden.

Korleis vil vi ha det i Bjørnafjorden kommune framover? Kom med dine råd ved å svara på 17 spørsmål! 

Politikarane våre og dei som jobbar i kommunen ønskjer at alle skal kunna leva gode liv i Bjørnafjorden.

– Å leggja til rette for det, er hovudoppdraget vårt som kommune. Å skapa gode liv for alle er noko vi må samarbeida om og bidra til, alle vi som bur og arbeider i Bjørnafjorden.

Kva skal til for å kunna leva eit godt liv?
Kva er bra slik det er i dag?
Kva saknar du?
HER kan du senda ditt innspel til Bjørnafjorden kommune!

FN sine berekraftsmål er ei hjelp i arbeidet med å skapa eit berekraftig og trygt samfunn, både her heime og i resten av verda.

– Kva betyr desse måla for oss i Bjørnafjorden? Kva for mål er mest relevante hos oss? Korleis skal vi arbeida for å nå dei?

Berekraftig utvikling er ei utvikling som er god både for enkeltmenneske og samfunn i dag, og for framtidige generasjonar. Berekraft handlar både om miljø og klima, sosiale forhold og økonomi.

– Korleis kan vi finna løysingar som både tar omsyn til miljø og klima, styrkjer sosiale forhold og er økonomisk fornuftige – på ein gong? Kommunen vil gjerne vita kva du tenkjer og meiner.