Her er det nye ungdomsrådet i kommunen

Foto: Erik Vangsnes, Bjørnafjorden kommune

Ungdomsrådet kan ta opp saker på eige initiativ og har sitt eige budsjett til drift av rådet og fordeling på ungdomstiltak.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Det er vald nytt ungdomsråd i Bjørnafjorden kommune for dei neste to åra.

– Ny leiar er Birgitte Lundberg og nestleiar er Joachim Reuter. Bjørnafjorden ungdomsråd skal fremja ungdommen sine interesser og tala deira sak i kommunen, melder Bjørnafjorden kommune.

Det nye ungdomsrådet er Sondre Harestad (Kongshaug musikkgymnas), Maria Magdalena Tomczyk (Os gymnas), Mathilde Nonås (Fusa ungdomsskule), Magnus Oltedal Lunde (Nore Neset ungdomsskule), Aurora Berge Låmar (Os ungdomsskule), Birgitte Lundberg (Os vidaregåande skule), Joachim Reuter (Fusa vidaregåande skule), Dea Shoshi og Sigurd Barmen Teige er sokalla frie representantar.

Kommunestyret gjorde det formelle valet av nytt ungdomsråd 23. september. Nytt ungdomsråd hadde første møte måndag 18. oktober, og Birgitte Lundberg blei vald til leiar og Joachim Reuter som nestleiar. Leiar og nestleiar er valde for eitt år om gongen.

– Birgitte er 17 år og kjem frå Søfteland. Ho er òg elevrådsleiar på Os vidaregåande skule. Joachim Reuter er 16 år og kjem frå Strandvik. Han sit i elevrådet på Fusa vidaregåande skule. Joachim er den einaste medlemet i det nye ungdomsrådet som òg sat i førre toårsperiode.

Viktig råd
Ungdomsrådet skal ha rett til å uttala seg i alle saker som gjeld ungdom. Dei kan ta opp saker på eige initiativ og har sitt eige budsjett til drift av rådet og fordeling på ungdomstiltak.

– Ungdomsrådet i Bjørnafjorden skal ha 9 medlemar og vere i alderen 13-19 år. Ungdomsskular og vidaregåande skular ved elevråda og ungdomsorganisasjonar blir annakvart år inviterte til å kome med forslag til kandidatar til ei valliste.