Overrasket over kommunedirektøren sin konklusjon om riving av Fjellheim

Fjellheim med nyoppusset fasade i høst. FOTO: Jan Petter Svendal

– Vi mener at det er flere faktorer som gjør at saken om riving av Fjellheim bør utsettes.

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook

21. oktober skal saken om Fjellheim opp for formannskapet i Bjørnafjorden kommune. Kommunedirektøren sin innstilling er å rive Fjellheim.

Foreningen Bevar Fjellheim er klar over den økonomiske situasjonen i kommune, men likevel overrasket over innstillingen om riving.

«Vi er likevel overraska over kommunedirektøren sin konklusjon i denne saka om riving av Fjellheim. Dette på bakgrunn av at den politiske fleirtalskoalisjonen har gått til val på bevaring av Fjellheim», skriver Bevar Fjellheim i en kommentar.

Les også: Bare å rive «dritten»?

Bevar Fjellheim vil ha en ny gjennomgang av bygget, og mener det kan tas i bruk uten at det skal koste godt over tyve millioner å oppgradere.

«Når det gjeld økonomi syner kommunedirektøren til Rambølrapporten med summen 25,4 millionar for å få bygningen i forskriftsmessig stand. Det er ein høg kostnad basert på ein fullstendig rehabilitering med TEK 17 standard. Ingen av dei tekniske anlegga er undersøkt eller vurdert i rapportane tilstandsrapporten og Rambølrapporten, som har vore bestilt av Os kommune.

Siste rehabilitering av Fjellheim var på første halvdelen av 90-talet, og følgeleg var det ca. 15 år frå den siste oppgraderinga til bygget vart stengt i 2011. Vedlikehaldet i den perioden var godt, så kvifor det har vore naudsynt å snakka ned bygget og halda det stengt for bruk, har ein aldri fått svar på.

Bygget kan takast i bruk med ein fornuftig bruksstandard. Vi ber difor om at det vert kostnadsberekna kva dei branntekniske krava vil utgjere, samt ein gjennomgang av det elektriske anlegget med ei eventuell utbetring. Ein kostnadsberekning for ei oppgradering som gjer at bygget får ein forsvarleg personsikring. Det er å forvente at ein slik sum er kjend før ein konkluderer på dei ulike alternativa som ligg i saksutgreiinga».

Bevar Fjellheim trekker også frem arkitekturen på bygget.

«Det er framleis viktig å løfta fram dei arkitektonoske kvalitetane i bygget både med tanke på utforming og arkitekturhistorie. Fjellheim som nyare tids kulturminne er grunngjeve både ut frå arkitektur, lagshistorie og krigshistorie. Bygget som identitetsmarkør og den sosiale og kulturelle verdien til forsamlingshuset er godt omtala i vedlegget med kulturminnefagleg vurdering. Også i dag kan bygget vera ein infrastruktur for fellesskap. Det er mogleg å etablera ei driftsstifting for framtidig drift».

Bevar Fjellheim trekker frem behov for kulturbygg i dag og i fremtiden.

«I saksutgreiinga går det fram at det i grunnlaget for sektorplan for kultur, idrett og friluftsliv skal kulturbygg kartleggjast og vurderast ut frå behov i dag og i tida som kjem. Det er naturleg å vurdera bruk av Fjellheim i den samanhengen, og ikkje trekka konklusjon før det arbeidet er gjort. Vi veit om venta folkeauke i kommunen, og den geografiske plasseringa av Fjellheim er ideell som samfunnshus».

Bevar Fjellheim vil ha saken om Fjellheim utsatt.

«Vi meiner at det er fleire faktorar som gjer at saka bør utsettast. Fremst at ein får på bordet den reelle summen for ein naudsynt oppgradering slik at bygget får ein forsvarleg personsikring. Det som eit grunnlag for vurdering. Vi meiner det må ha verde for dagens politikare å sikre verdiane og legge til rette for vidare bruk av Fjellheim, avslutter Bevar Fjellheim».