1,5 millionar til Bjørnafjorden kommune

Foto: Jan Petter Svendal

791 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestland neste år.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Veksten i frie inntekter er fordelt med 1,6 milliardar kroner til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. − Dette set kommunesektoren i stand til framleis å levere gode tenester etter at samfunnet er opna att. No skal vi saman ut av pandemien, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Tabellen nederst viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

 Anslag påVekst frå anslag
 friepå rekneskap 2021 – 2022
Kommuneinntekter NominelleProsent
 2022kroner 
 (1000 kr)(1000 kr) 
 123
    
4601 Bergen16 925 497226 0411,4
4602 Kinn1 128 0609 6350,9
4611 Etne278 2672 6931,0
4612 Sveio375 8417 0911,9
4613 Bømlo763 14312 6721,7
4614 Stord1 140 01718 8091,7
4615 Fitjar209 5401 9200,9
4616 Tysnes223 9707 4653,4
4617 Kvinnherad838 0956 4160,8
4618 Ullensvang792 9234 7840,6
4619 Eidfjord85 7321 5801,9
4620 Ulvik96 4063170,3
4621 Voss1 046 27713 6441,3
4622 Kvam571 4794 9930,9
4623 Samnanger172 1162 4781,5
4624 Bjørnafjorden1 559 32926 9281,8
4625 Austevoll407 1056 1641,5
4626 Øygarden2 318 95642 6181,9
4627 Askøy1 794 86816 3140,9
4628 Vaksdal285 3781 6180,6
4629 Modalen51 2259892,0
4630 Osterøy486 6854 7551,0
4631 Alver1 884 96349 2602,7
4632 Austrheim203 2032 0831,0
4633 Fedje59 7324410,7
4634 Masfjorden142 5711 6941,2
4635 Gulen188 6681 0040,5
4636 Solund76 3506440,9
4637 Hyllestad111 0891 9111,8
4638 Høyanger284 3133 6841,3
4639 Vik200 4061 0290,5
4640 Sogndal785 83616 3962,1
4641 Aurland135 6039010,7
4642 Lærdal156 0851 8771,2
4643 Årdal362 9645 9881,7
4644 Luster368 0558 4532,4
4645 Askvoll225 7251 8290,8
4646 Fjaler224 2922 7111,2
4647 Sunnfjord1 467 87423 6391,6
4648 Bremanger277 3291 6720,6
4649 Stad645 39011 2941,8
4650 Gloppen417 4846 0631,5
4651 Stryn469 2954 6551,0
Til fordeling gjennom året30 000  
Vestland40 268 138567 1531,4
    
Vestland fylkeskommune10 729 616224 2732,1