Over 400 000 til Bjørnafjorden kommune

Illustrasjonsfoto: Jan Petter Svendal

Den kulturelle skulesekken skal sikre skuleelevar møte med profesjonell kunst og kultur.

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook

Hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok i september prinsipp for fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2021/22. Avdelingsdirektør for kultur, idrett og inkludering fekk fullmakt til å fordele spelemidlar til kommunane i Vestland etter prinsippa i saka og tildelingsbrev frå Kulturtanken

Bergen kommune får kroner 7 159 707 til Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2021/22, Bjørnafjorden kommune får kroner 445 000, Tysnes kommune får kroner 53 000, Samnanger kommune får kroner 41 000 og Austevoll får kroner 91 000.

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal ordning som skal sikre elevar i grunnskulen og vidaregåande skule møte med profesjonell kunst og kultur. Ordninga er finansiert med overskot av spelemidlar frå Norsk Tipping og fylkeskommunale/kommunale driftsmidlar. Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Norge har det nasjonale ansvaret for DKS, og fylkeskommunane og kommunane forvaltar ordninga regionalt og lokalt.